fredag, september 14, 2018

Dagbok 2018: 14.september


Klokka er 17.00, temperaturen er + 10 grader, som vanleg, og det regnar, som vanleg. Det vil ingen ende ta. Eg fyrer i omnen, har nok rusk og rask, i dag har eg også brent delar av granrota som Wenche og Rasmus grov opp i sommar.
Eg har fått ein stygg uvane med å vakne så tidleg om morgonen at eg har ein tendens å sovne når eg set meg ned. Slik var det også i dag. Men i dag kom ikkje snikkaren så tidleg, først når det leid litt ut på dagen dukka han opp i håp om at han skulle få gjort noko mens det var opplett. Etter kvart begynte det å regne igjen, og då reiste han for å hente material. Eg snakka ikkje med han før han for, men reknar med at han tek fri i morgon. Han fekk i alle fall begynt på veggen.
Eg hadde avtale med Marit om at vi skulle fare å handle klokka 11.00, så eg begynte ikkje med noko storarbeid på føremiddagen. Sidan ho hadde sove lite og dårleg i natt sov ho utover morgonen, så klokka vart 11.30 før vi kom oss av garde. Vi luska rundt på mange klesbutikkar på Amfi, for Marit skulle ha ei jakke. Ho vann ikkje det ho hadde tenkt, så vi gav oss på det. Marit spelar lotto, og no har også eg fått meg spelekort og kupong, så brått kan eg bli millionær. Kjøpte ferdig utfylte kupongar. Eg kjøpte ikkje noko særleg, men tok det att på Spar. Eg skulle eigentleg ha to ting-det vart litt meir.
Vi var vekke i om lag to timar, og så vart det ei pratestund i bilen då vi kom opp att.
Etter at eg hadde fyrt opp att i omnen og ete, sette eg meg til å sjå i blada som Solveig kom med. Då datt augo att. No har eg kokt meg kaffi såpass eg greier å halde meg vaken gjennom Gullrekka.
Eg fekk høyrt to av nyheitssendingane til Einar i dag, men mange var for tidlege for meg, og då den siste kom var eg på rek. I hovudet mitt er det laurdag i dag, det er slikt som skjer kvar veke, nesten, og det er heilt umuleg i snu på det. Men eg får i alle fall ønske alle ei god helg. I morgon kjem truleg Einar innover ein tur.


Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...