tirsdag, mars 06, 2018

Dagbok 2018: 6.mars



Klokka er 21.05, temperaturen er minus 7 grader og det har vore like fint vêr i dag som i går. Derfor vart det avisbilde i dag i staden for vêrbilde. UKM hadde fått to heilsider i Møre-Nytt i dag, og det var stort bilde av bandet som Erlend spelar i. Han spelar no bassgitar, slik som faren, og slik som farfaren gjorde i si tid. Erlend er nr.to frå høgre i bildet. Bandet gjekk ikkje vidare i konkurransen, men det er ikkje så farleg, dei får nye sjansar.
Eg fór relativt tidleg ut til Nils i dag, og kom også heim tidlegare enn vanleg. Nils hadde fått auka styrke på smerteplasteret, noko som gjorde han veldig trøtt og slapp. Då eg kom var Linda, legen, der og dei to prata om fisk og fiskeri. Då var han veldig oppglødd, men det røynte på kreftene.
Ikkje så lenge etterpå var det middag, og i dag takka eg ja til mat. Fekk gode kjøttkaker med nydelig saus-lenge sidan sist eg åt middagsmat. Men Nils greidde ikkje å ete så mykje. Han åt imidlertid opp desserten som var byggrynskrem med raud saus. Så sov han middag ei lang stund, mens eg fekk lese ei heil plate av lydboka mi.

Eg har eit mantra som eg seier til meg sjølv mange gonger for dag: "Det er noko du har gløymt !" Og det er det som regel. Det gjeld spesielt når eg forlet huset, og når eg skal legge meg.
Eg går alltid med mobilen i bukselomma, men det hender at eg byter bukse før eg fer ut på heimen, så i dag var eg utan telefon. Det var naboane som køyrde meg ut i dag, og så skulle eg ringe dei når eg ville bli henta. Men Nils hadde ikkje nummeret deira på sin telefon. Då vart det å sende melding til Solveig som leitte opp nummeret og sende til Nils sin telefon. Eg forstår nesten ikkje korleis vi greidde oss utan mobil før i tida. No er mobilen på mange måtar tryggheits-alarmen vår.

Nils ringde heim på føremiddagen i dag og ville vite om eg hadde høyrt noko om røntgen-undersøkinga. Det hadde eg ikkje, men lova han å ringe helsesenteret om det ikkje kom brev i posten. Det gjorde det ikkje, men eg ringde og fekk svar. Dei hadde ikkje funne noko gale på bilda. Så då er det vel berre å ta tida til hjelp, og unngå å gå for mykje. Då eg kom ut til Nils forstod eg at han hadde vore litt redd for at eg skulle på behandling eller liknande slik at eg ikkje kunne komme ut til han.
Han vil gjerne at eg skal vere der om kveldane- så lenge HAN orkar. Eg har sagt tydeleg ifrå om at han må seie det viss han vil eg skal gå, så han får sove.
Eg får ikkje mykje gjort om dagane, men i dag fekk eg støvsuga litt om ikkje anna. I morgon eller torsdag må eg bort på biltilsynet og få orden på førarkortet.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...