Klokka er ca 17.00, temperaturen er + 2 grader C, og det har kome eit lag me våt snø eller kanskje heller "slaps". Det er mørkt ute og vi har nettopp drukke kaffi. Nils held på å gjere seg klar til møte i SV-dei skal halde til i Aasen-tunet.
Så snart som jula begynner å nærme seg, får eg det over meg at eg skal "gjere " så mykje. I dag sette eg i gang å steike krumkaker t.d. , men det var ikkje bra for meg. Det gjekk bra heilt til eg var ferdig, så svikta ryggen. Men eg fekk no lagt i hop to maskiner med klede og stroke nokre av dei. Nils varma suppa frå i går og vi greidde å få i oss alt, med litt strev.
Då eg stod opp frå sofaen, hadde eg fått skikkelig verk i hofta og ryggen, så no konkluderer eg med at småkakebakst blir det ikkje meir av. Det går fint an å kjøpe litt. Runde kaker er ein ferdig med når ein har fått dei i omnen, så det er noko anna. Litt irriterande å bli "dårlig" no når eg har vore bra så lenge, har til og med strikka litt innimellom.
Ja, det er ikkje for å syte eg beklager meg, men eg føler eg må forklare kvifor eg ikkje er så "flink" lenger. Og så er det så mykje eg har lyst å gjere.
No kom det føre meg ei strofe frå diktet "Køya mi" av Jakob Sande, der står det:
"- då går tanken med vemod attende
til den tid då eg sov på ein sekk.
Men då livsmod i bringa mi brende,
så eg skreik og slo rundkast på dekk".
SÅ sprek har eg vel aldri vore, men det er ei tid for alt. For alle.
1 kommentar:
Eg synest du er sprek på din måte!
Legg inn en kommentar