søndag, september 20, 2015

Dagbok 2015: 20.september


Klokka er berre 15.15, så det er litt tidleg å oppsummere dagen, men det går an å føye til noko, om det skulle skje eitt eller anna. Temperaturen er no + 15 grader C, og sola har streva heile dagen med å kome fram, utan at ho har lukkast noko særleg. Det er skya, men opplett.
Føremiddagen gjekk for det meste opp i surr, blant anna strevar eg litt med datamaskina mi, men eg har funne ei nødløysing på eit lite problem.
Nils skulle ut og sjå til båten, og eg blei med og gjekk tur på stigen. Dei hadde vore der og grøfta den på begge sider; så hindrar dei at den gror att. Eg likar å fotografere der ute, for sjølv om motiva er dei samme så er dei ikkje like frå gong til gong. Eg skriv namnet mitt i ei bok der ute, og i dag var det akkurat ein månad sidan sist. Då var det sommar og drepande heitt.
På det øvste bildet ser de restane av den gamle ferjekaia heilt til høgre. Midt i bildet ser vi Yksnøya, det er i desse farvatna Nils fiskar for det meste. Til høgre for Yksnøya ser vi det bratte fjellet på Gurskøya. Eiksundtunnelen går under dette havstykket, frå Steinneset på fastlandet til øya Eika som vi ser heilt til høgre.
Her er båthamna, båten vår ligg bak steinane til venstre i bildet. Det karakteristiske fjellet, som vi kan sjå frå mange stader i bygda, heiter Liadalsnipa. Då Solveig gjekk i første klasse hadde læaren hennar ymta frampå om at den kunne dette ned ein dag, så Solveig var litt redd for det. Men det har ikkje skjedd, og ikkje har eg høyrt at den er "overvåka" heller. Men i desse "Bølgen"-tider kan ein no tenkje sitt. Det er mange som har vore på toppen-men ikkje eg ! 
 Eg har ein fascinasjon for stein og strå og hav. 
Her ser vi ut mot Eiksund, men sjølve brua er vanskeleg å gå auge på. Det vi såg var at det var meir skyer og skodde i havet enn her inne hos oss.

Her ser vi ut mot Raudøya, der det går mange villsauer på beite. Eg har vore på land der nokre gonger. Det er ei naturperle. Frå gammalt av var der to-tre gardar på øya.

Etter at vi kom heim, laga vi oss lunsj. I dag måtte vi smake på røykelaksen vi fekk i går, og den smakte godt. Middag får det bli seinare -kanskje, og kanskje ikkje. Vi har planane klar.
Mamma kunne mange ordtak, eitt av dei var "Intet kommer i en lukket hånd." Og det er sant. Nils gir bort både fisk og plommer, og rett som det er kjem det ein kvan på døra med noko godt. I dag fekk vi tysk plommekake. Dessverre blir det vel eg som et mesteparten.......

1 kommentar:

solveig sa...

Ja, no ventar vi berre på at Mannen skal dette ned. Liadalsnipa dett nok ikkje i vår tid. Elles hugsar eg at eg vart redd for istida som skulle kome. Heldigvis hadde du betre tidsomgrep enn eg.