lørdag, august 03, 2013

Knivane til Nils.

I dag laga Nils utstilling av alle knivane sine, dei han brukar til fisk etc.
Han bad meg om å ta bilde av dei der dei låg på komfyren. Dei fleste knivane har han fått i gåve, berre nokre få har han kjøpt sjølv.

Kniven lengst til venstre er den nyaste , den har han fått av Arne, svigerfaren til Rasmus. Arne har laga kniven sjølv. Han er veldig flink med trearbeid, og både knivskaftet og slira er av tre.

Nils ber meg helse til Arne og takke for den fine gåva!

4 kommentarer:

Hildegard sa...

Flotte knivar, litt av ei samling.
Skybrudd her også i fleire dagar, men bra innimellom.

Hildegard sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Hildegard sa...

Kommentar 1 kom to gonger, merkeleg. Vi har hatt besøk av Elin og døtrene våre. Betasuppe. Kjekt å høyre frå ferieturen til Belek i Tyrkia som Strikkemor m.fl. har hatt.

Besta sa...

Ja, men godt å ha dei heime att?Margrete og ungane er på veg til Tyrkia (Kemer eller Side?) Rasmus m/fam. reiser til Rhodos(?) i morgon.

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...