lørdag, desember 04, 2010

Vermelding 4.desember 2010

Klokka er no ca 17.45. men eg føler at det er langt på kveld, sidan det er så mørkt ute.Temperaturen er så vidt under 0, og det snøar.Vi har altså fått verbyte, noko som eg kjenner på kroppen, men godt at det ikkje er så kaldt lenger.
Har ikkje fått tatt bilde ute i dag sidan vi ikkje har vore heime, så eg pyntar opp med bildet av asalean som eg tok i går. Denne vakre blomsten kjøpte Solveig til Nils sin bursdag, og eg har klart å halde liv i han til denne tid. Synd at den fine blomsterpotta ikkje kjem fram på bildet.
I dag har vi vore på to ballettframsyningar, sidan Ingeborg og Amanda dansa i kvar sitt show; ja, Ingeborg dansa i begge då. Dei er veldig flinke, og heilt objektivt sett er dei to jentene våre flinkast av alle.Som vanlig fylte vi nesten ei heil benkerad med "pårørande": foreldre, søsken og besteforeldre.Eg har ikkje bilde å legge ut, men Harald filma, og eg trur kanskje nokon tok bilde. Det er ikkje lov å bruke blitz  eller mobiltelefon under programmet.
Etter showet var Nils og eg innom Coop og kjøpte oss ein kylling som vi åt då vi kom heim.
No skal eg legge i hop ein klesvask. Dessverre har det blitt ein del trommeltørking i haust, på grunn av veret, men som de ser står tørkestativet klart på altanen i vente på betre klestørk.
Advokatten vår har vore på besøk i dag også, han kjem ein tur kvar dag. Nils har koka mat til han. Det er kokt tørrfisk med sumulegryn-altså ein slags graut. Gjett om den går ned på høgkant? Og katten veks og veks. Kvar skal det ende?

4 kommentarer:

solveig sa...

I år har eg ikkje kjøpt ei einaste julestjerne. Dei står ikkje io store mengder på butikkane slik dei plar gjere?

Besta sa...

Eg har kjøpt to kvite, og i kveld var Coop fullt av raude.Eg skal ikkje ha så mykje blomster no når eg har mønstra gardiner. Kom på noko meir eg kan ønske med til jul:Suppeskeier i stål.

solveig sa...

Eit godt tips, og eg treng fleire!

Hildegard sa...

Godt med vérbyte, lyst og fint i dag med snø på trea.

Dagbok 2024: 22.november

Klokka er no 16.18 og bildet over er tatt for eit par minutt sidan. No sit eg her inne i huset mitt og er så å seie innesnødd. Ser de godt e...