Klokka er snart 13.00. Temperaturen er ca 23 graderC, og det er overskya og litt vind. På randen av kaldt etter min smak.
Føremiddagen har gått med til ingen ting. Har for det meste site oppe hos Marit, som er heime åleine, og prata.Nils har vore meir aktiv; han har gjort bilen grundig rein både inni og utanpå. No skal eg begynne på middagen, og så får vi sjå om det skjer noko meir i dag. Det er vel ikkje fotball på TV, vel.........?
For øvrig kan vi jo feire fødselsdagen til dronning Sonja, eller USA sin nasjonaldag, om vi ikkje har noko betre å ta oss til.
3 kommentarer:
Fransk nasjonaldag også, vel? Eg skal late meg i dag, eller chille som ungdomane seier. Det inneber mellom anna fotografering og lesing.
Der er du på villspor.Den franske nasjonaldagen er 14. juli, mamma sin fødselsdag og Rasmus og W. sin bryllupsdag.Og kronprinsessan Victorias fødelsesdag!
Oi, ein annan opphopningsdag altså...
Legg inn en kommentar