For nokre år sidan var vi ein tur til Åse sjukehus, og mens vi sat på venterommet kom eit ungt par forbi. Faren bar ei lita jente på armen, og mora leidde ein litt større gut.Det var ikkje vanskelig å sjå at begge barna hadde sitt opphav i Kina, mens foreldra var norske. Den vesle jenta, som kunne vere om lag 1 år gammal, er noko av det nydeligaste eg har sett. Vi snakka om kor heldige dei var, både barna og foreldra som hadde fått adoptere dei.
Kva som gjorde at desse barna hadde kome til Norge frå eit land langt borte, og kvifor dei biologiske foreldra hadde "gitt" dei frå seg, veit eg ikkje om vi tenkte så mykje over. Vi trudde nok at barna var foreldrelause og derfor sende til ein barneheim. Sjølvsagt har vi høyrt om eitt-barns-politikken, og om at kinesiske foreldre vel bort jenter fordi gutane er meir verd, men kva måte det skjer på har vore lite kjent for meg. Heller ikkje har eg visst at dette er ein eldgammal skikk.
Denne boka ein ein dokumentar, skriven av ein kinesisk radiojournalist, som ville prøve å finne ut korleis kinesiske mødrer kunne klare å gi frå seg barna sine, og kva dei bortadopterte jentene tenkte om dei biologiske mødrene sine.
Dette er ei sterk og til dels grusom forteljing, særlig den første delen, men her er også vakre og poetiske parti i boka. Somme gonger nesten litt sentimentalt, men det må ein tilgi den kinesiske dama. På omslaget av boka står der "biografi"-truleg fordi vi får høyre historier til mange av dei kvinnene forfattaren kjem i kontakt med.
Eg synest at alle bør lese denne boka, fordi dette er ei viktig historie som vi bør kjenne til.
Du kan lese om boka her.
4 kommentarer:
Dene boka har eg lyst å lese!
Det er ikkje "lystelig" lesnad, men eit problem som ein bør sette seg inn i. Det gjeld for så vidt ikkje berre kinesiske barn, men alle som har blitt adoptert bort.(Tore på sporet).
Trur ikkje eg skal lese denne! Eg har halde på med Tyskerjentene, og det er sanneleg hard nok kost, kan anbefalast den og.
Eg må innrømme at å gå frå Knausgård til Kinajentene var eit mistak. Det vart frå vondt til verre.
Trøsta er at det ser ut til at det blir betre å bu i Kina etter kvart, men det er eit folk som har lide mykje, og ikkje berre i vår tid, men i tusenvis av år.Og det blir framheva i boka at bortadopterte jenter har fått det godt i andre land,og at mødrene deira er glade for det.
Legg inn en kommentar