søndag, juni 06, 2010

Vermelding 6.juni 2010

Klokka er 12.40, temperaturen ca +16 grader, det er lettskya og litt vind. Derfor virkar det heller kjølig ute, så eg går framleis i ullgenser.Nordaver er giktver, sa svigermor alltid!
Gikk ut for å ta nokre bilde i hagen, dessverre kom dei i feil rekkefølge då eg skulle legge dei inn på bloggen.Dei observante vil snart oppdage at der er skuggar etter ein kjend persom på nokre av bilda.
Bildet over er av den nysådde ruccolasalaten som spirte etter nokre få dagar. Vi sår i avskjeringar frå gamle plastbaljar, så ikkje graset skal få ta seg inn. Det ser litt stygt ut no, men kjem seg når graset veks opp rundt ringen. Vi sår grasløk på samme måten, oppe ved garasjen, så det skal gå fort å hente inn.

Tulipanane syng på siste verset, men det er sannlig på tide. Tulipanar er ein av yndlingsblomstrane mine, men ikkje etter dei er avblomstra. Skjønnar?

Denne rosa fekk eg av ei dame på Hareid. Den er rotekte. Som de ser er den i live, men har ikkje vakse mykje. Mangel på grover! Eg har ikkje fått rydda i rosebeddet enno, det står enno fullt av tulipanar og andre løkvekstar. Håplaust.


Dette epletreet kjøpte vi på Torheim for mange år sidan i lag med to andre. Dei andre er døde og borte for lengst, men dette lever og blomstrar, som de ser. Epla kjem tidleg og står seg lite, vi har brukt å lage jus, saft elle mos av dei. Men eg må innrømme at vi har treet mest for blomstrane sin del.
Det er ikkje den heilt store stemninga i hagen, som de ser, men vi lever i håpet.


3 kommentarer:

solveig sa...

Rosa blir nok større i løpet av sommaren, og neste år er den vaksen, viss det går med di som med mi! M hadde ei som dekte ein heil kjekllarmur! Eg trur ein kan skjere den ned eller ikkje.
Ruccolaen forstår ein er ugras i varmare land!

Besta sa...

Men eg har lyst å ha min eigen ruccola, for den ein kjøper er ofte halvvissen, og begera er for store. Likar ruccola i lag med anna salat.Såg at du skulle få staude- ruccola med Gunda viss du ville ha. Då kan du no få litt til meg også. Dei plastringane er lure!

Besta sa...

Eg har vurdert å flytte Milena-rosa, men til så lenge har ho fått påfylling av kugjødselkompost.

Dagbok 2024:22.desember

                                                 Starevegen i dag Klokka er no18.07, temperaturen ute er    grader C og det regnar litt småt...