onsdag, mars 03, 2010

Vermelding 3.mars 2010.

Klokka  er 13.00, temperaturen er ca 0 grader C og sola skin frå nesten skyfri himmel. Som de ser av bildet har det ikkje minka på snøen.


                                            
Nils har vore og kjøpt ny printer/scanner på El-kjøp. Cecilie ringde og sa at dei billige til 499 kr var heilt OK. Så har Nils sett i ledningane og eg har installert, noko som er veldig enkelt når ein brukar CD-en som følgjer med.
Men så skal eg registrere produktet, og alt buttar imot. Og vi forstår ikkje kva som er gale. Har prøvd med begge e-postadressene, utan resultat. Og så blir eg så lei........Datatrøbbel er det verste eg veit, og eg hatar å be om hjelp til slikt som eg føler eg burde greie sjølv.Og eg treng printeren NO.

Klokka er18.30.
Det skya brått over, og så kom det ein heil del snø mens vi sov middag.
Snakka med datahjelparen vår i telefonen, og ho sa at den registreringa eg bala så med, var heilt unødvendig. Så no kan eg både printe og scanne, men enno står det mykje att å lære.
Før middag leita eg frenetisk etter MP3 -spelaren og fekk på den måten rydda ganske mange skuffer.Men så kom eg plutselig på KVAR eg hadde lagt den.Og der låg den! Så no er i alle fall dei problema ute av verda.

4 kommentarer:

Gjengen framma dala sa...

Forstår akkurat korleis du kjenner det!! Er så frykteleg irriterande å måtte spøre om hjelp!!
Håpe du får det til til slutt då;-)

Synd med OL-gullet som glapp i curling...Trur ikkje canadiarane vart like påverka av augene til Ulsrud...;-) hi hi..

Besta sa...

Såg fort at canadiarane var kjempegode, så dei fortente nok gullet. Men sølv er ikkje verst det heller.Underhaldande og spennande kamp i alle fall.

No har eg i alle fall fått til printeren, så eg fekk gjort ein nødvendig jobb.Ein gjer seg avhengig av så mange slags hjelpemiddel.

STRIKKEMOR(O) sa...

Fjella i Ørsta er så flotte med snø på!

Besta sa...

Ørsta er vakrast om vinteren har eg alltid hevda.Og vi har fjelle litt meir på avstand her enn på Eid.

Dagbok 2024: 15.mai

  Klokka er no 17.30, temperaturen ute er + 25 grader og sola skin. Det har ho gjort heile dagen, og eg rekna med at det vart varmt etter kv...