tirsdag, mars 09, 2010

Bok nr.14- 2010:Saman er ein mindre åleine.

Ei fransk bok. Omsett til nynorsk, og lesen på ei slags Hordalandsdialekt. Funkar det?
Faktisk funkar det veldig bra slik eg ser det.Dei mjuke, rullande skarre-r-ane er som om dei kjem direkte frå Paris, og det er ikkje lenge før ein opplever det som om språket er fransk det også.
Franske bøker er ikkje som andre bøker, det har eg sagt før, og det står eg ved.Franskmenn må vere meir opptekne av kunst og kultur enn andre folkeslag. Og av mat.Dessutan er dei klassemedvitne, det er viktig kva klasse du kjem frå, om du kjem frå overklassen, borgarskapet eller arbeiderklassen.Pengar betyr ikkje alt, det viktigaste er om du har "dannelse" og utdanning.Kanskje er dei det vi ville kalt åndssnobbar?
Men det er ikkje det denne boka handlar om. Den handlar mest om menneskelige relasjonar. Menneska treng kvarandre og det er viktig med ei hjelpande hand, så ein ikkje går under.Her møter vi ei handfull menneske som livet ikkje har fare så pent med.Den eine rekkjer ut ei hjelpande hand og set i gang ein kjedereaksjon.Det er på mange måtar ei aldeles nydelig bok, som det var ei kvild og ei glede å lese til avveksling frå alle krimbøkene.
Og så gjer forfattaren det meisterstykke det er å ikkje hamne ut i sentimentaliteten.
Må innrømme at eg kom til å tenkje på både Les Miserables og Frendelaus undervegs.
Og slutten er veldig "fransk" slik eg ser det.
Eg har lese ei bok før av denne forfattaren, den var heilt eminent. Eg elska ho, heitte den. 
Eg veit ikkje om det går an å seie det så kategorisk,men dette er vel ei bok som fengjer kvinner meir enn menn?

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg likte ikkje den boka! No har eg begynt å høyre Lykka er ein sjeldan fugl. Først irriterte eg meg grenselaust over at den vart lesen av ein mannsperson, men forteljarstemme er ein mann så OK. Deretter irriterte eg meg endå meir over skarre-r-en, heilt til eg kom fram til at talefeilen kjem frå fransk (?). No driv eg og lid meg gjennom boka som eg har tenkt å fullføre 3 CD-ar hittil.
Det må vere noko eg ikkje får med meg, for eg likar ikkje det eg har lese av Anna Gevalda!
p.s.
Eg er ikkje i dårleg humør i dag!

solveig sa...

Saman er ein mindre åleine las eg i papirutgåve, berre så det er sagt.

Besta sa...

Det er berre å godta at du og eg ikkje har heilt samme smak når det gjeld bøker. Den ekte skarre-r-en kjem frå Paris; så vidt eg veit var det dronning Marie Antoinette (?)som hadde ein talefeil -derfor blei "talefeilen" mote. Den er ikkje lik den bergenske r-en, men er mykje "finare"-og eg synest Arnhild Litleré les veldig bra.Eg blir glad kvar gong eg finn bøker som er litt annleis enn dei evinnelige kriminalromanane.

Bjørg sa...

Eg har lese Saman er ein mindre åleine. Likte ho bra. Trur nok du har rett i at det kan vere ei damebok.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...