mandag, august 10, 2009

Molde - RBK: 5-0




I dag har eg vore heime åleine nesten heile dagen. Nils og Øystein reiste til Molde på kamp.Tilbake hadde dei med seg dei to ungdommane som har vore på week-end i Molde. No er dei på Hareid og får sove seg skikkelig ut etter helga, får vi håpe.

Kva gjer ein åleine heime ein heil dag? Hadde eg vore i mi velmakt hadde eg vel snudd opp-ned på heile huset eller teke meg ein tur. No vart det berre det vanlege: litt husarbeid, litt lesing, kryssord, TV m.m. Sikkert ein ønskedag for dei som har det travelt i kvardagen.

Dei som er interesserte i fotball kan lese kva Einar skriv på VG-nett.

2 kommentarer:

solveig sa...

Blomsterbedet ditt er flott. Bildet øvst på bloggen må ikkje gå tapt for bloggarane! Du må legge det inn på bloggen med dato t.d....
Overnatting her i huset inkluderer ikkje vekking.

Besta sa...

Ingen av bilda mine går tapt. Tek bilde av "veret" nesten kvar dag, og lagrar bilda i ei mappe som heiter "Veret 2009"...så viss det er noko du lurer på.....Temperatur etc. skriv eg i dagboka.

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...