mandag, juli 27, 2009

Makrellen er komen til Ørsta!

Nils har lenge jakta på makrellen, og vore ute fleire gonger utan å få noko. I dag var han vekk før eg vakna, og kom att no i 9-tida med god fangst. Det er ganske stor makrell det er snakk om, så no blir det både å steike og koke til vi har fått nok. Reknar med at somme av barnebarna dukkar opp og vil prøve fiskelykka dei også?

2 kommentarer:

Bjørg sa...

I går fekk Hans, Kari, Helene og Mathias 6 makrelar på stong på den daglege fisketuren. Ein skjelden fisk, sa Mathias som tok mot med håven.

Bjørg sa...

Hans og eg er i Ørsta i dag. Hans er på jobb på Vartdal. Vi har ikkje internett på hytta.
Gler oss til makrellmiddag.
Vi skal til hytta att i morgon.

Dagbok 2024: 27.mars

Klokka er no 17.45, temperaturen ute er+ 9 grader, men det er overskya i dag, så det er ikkje så fint som det var i går. Eg sov godt sist na...