mandag, juni 08, 2009

Apropos Bruce......

Solveig etterlyste Bibel-teksten som er bakgrunn for songen Jacob´s ladder.
I mi skuletid var kristendom eit viktig fag i skulen, og vi lærte mange bibelforteljingar utanboks, noko som gjer at vi hugsar dei enno. Ja, for min eigen del må eg legge til at eg har hatt nokre repetisjonar.
Eg veit at det ikkje lenger er lov å undervise i religion i skulen på samme måten som før. Det er ikkje den raudgrøne regjeringa som har bestemt dette, sjølv om det er mange som trur det. Det er eit direktiv frå EU.
Men eg vil tru at mange, både lærarar og elevar,gjerne ville ha høyrt og fortalt dei gamle forteljingane frå Bibelen. Ikkje minst forteljingane frå det gamle testamentet.Dei siste elevane mine, som gikk over i ungdomsskulen for sju år sidan, elska i alle fall desse historiene, og sjeldan var dei så stille og lydhøre som då eg fortalde om Josef, Moses og dei andre personane.EG synest borna i dag går glipp av noko når dei ikkje får med seg dette. Men det er ikkje ULOVLIG for foreldre og andre å fortelje desse fortellingane.
Bibelsoga til venstre fekk eg då eg var seks år gammal.Den tida måtte ein kjøpe skulebøkene sjølve. Som de ser er det både sliten og reparert. Den til høgre er ei nyare utgåve av samme boka. Den høyrer eigentlig til på Velle skule.

9 kommentarer:

Hildegard sa...

Artig! Rasmus har ein program-serie på Nærradioen kalla "Ka no då?", der han bl.a. har tatt for seg mange av desse historiene.
Lærerikt, folkeleg og interessant for ein som ikkje har "repetert" så mykje. Som kjent har både han og Rannveig gått på Bibelskule i Bg. Veit at det er mange damer på vår alder som har likt programmet hans. Han spelar fin musikk, også Elvis, i pausene. Nokre av programma har eg tatt opp og spelt for mor.
Eidabesta

solveig sa...

På bygdene i Norge trur eg mange ville valt KRL,altså kristendomkunnskap med livsynsorientering viss dei hadde høve til det. Så kunne alternativet vere RLE, det faget som EU tillet.
Ein møter att bibelforteljingane i fleire samanhengar. Eg har sjølvsagt inga unnskyldning for ikkje å lære verken meg sjølv eller ungane desse.........

Besta sa...

Dei gammeltestamentlege forteljingane er dessutan felles for tre religionar:Islam, jødedommen og kristendommen. I tillegg er det frå desse forteljingane vi hentar mange uttrykk og seiemåtar.Som eit døme:"Davids kamp mot Goliat".Skal tru om vi kan ta inn programmet til Rasmus her? Eller er det veldig lokalt?

solveig sa...

Eg har krangla med folk som brukar uttrykket "Urias jobb". Det heiter "Urias post"!

Elin sa...

Veldig artig å høyre på nokre av programma til Rasmus. Du får sikkert låne med Bodil. Elles så kan du teste ut nærradioen annankvar fredag kl. 20. Må innrømme eg ikkje har høyrt så mange program...men det er ikkje fordi eg ikkje er interessert.
Trur du det er nokon som hengjer oss om vi fortel nokre gamle historier i timane? Eg tvilar.

Hildegard sa...

Veit ikkje om de kan ta inn programmet. Nordfjord Nærradio ligg på FM 107 ca. Denne sendinga går annakvar fredag kl 20. Den andre helga er det Gloppen som sender.
Eidabesta

solveig sa...

Kanskje Bruce kan vere ein inngangsport til forteljinga om Jakobs stige? Tips til ein populær time?
Eg trur "folk flest" likar forteljingane.

Elin sa...

Og for å gjere det skikkeleg tverrfagleg, sy ei blokk...

Besta sa...

Er vi ikkje bra typiske? Lærarar er kreative og opplærde til å tenkje tverrfagleg, det er hermed bevist!Men kvar skal vi få inn Matog helse, matematikk etc.Gym får vi vel nok av når vi er "climbing Jacob´s ladder".

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...