torsdag, oktober 02, 2008

Storfangst.

Nils har hatt ute teinene eit par gonger; i går fekk vi ulyste oss på krabbe her heime, i dag hadde vi også litt å gi bort. Dessutan fekk han ein hummar som han skal ha sjølv-eg har hummerallergi, eller intoleranse er vel rettare å seie. Men i eine teina var det også ei kjempemessig sjøstjerne, den største HAN har sett, seier han, og han har sett mange.

3 kommentarer:

arieldog sa...

Han kan no stoppe den ut og ha den på juletreet? Takk for krabbene - dei var nydelege med litt sitron, avokado, loff og majones. Eg måtte ut og gå ein tur til med hundane etterpå...

Besta sa...

Viss nokon spurde kva han skulle med den, hadde han planlagt å seie at han skulle ha den til å ta livet av brunsniglane med.NB:Vi har ingen brunsniglar i hagen vår! I kveld åt han kvelds i garasjen! Det var IKKJE eg som jaga han ut.

Hildegard sa...

Kjekt å sjå at gubben er i aktivitet. Mykje rart i sjøen.
Eidabesta

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...