mandag, mars 13, 2017

Dagbok 2017: 13.mars

Klokka er 17.20, temperatuer er + 5 grader C og det regnar. Eg kom nettopp att frå Volda, der eg har vore det meste av dagen. Men i dag har eg hatt skikkeleg flaks med transporten.
Eg måtte reise til Volda tidlegare enn eg hadde tenkt, fordi legen ville at eg skulle vere der under konsultasjonen. Derfor måtte eg skofte styremøtet i pensjonistlaget. Marit skulle nedover før klokka 12, så då sat eg på med henne og tok bussen som går 7 minutt på 12 frå Ørsta. Den køyrde heilt opp til sjukehuset, så eg var der i god tid. Nils var veldig slapp då eg kom og ikkje stort betre utover dagen. Han han fått meir medisin, og infeksjonen er ikkje under kontroll. Han sovna mange gonger mens eg var der, men eg hadde lydboka med meg, så eg las litt innimellom. Legen var den samme som vi har snakka med før, og vi fekk ei grei orientering, det meste visste vi frå før. Det som gjer at dei vil at pårørande skal vere til stades, er vel at dei ikkje er sikre på om pasienten får med seg alt. Men Nils er klar i toppen, det skortar ikkje på det. No kan det hende at eg spør litt meir, då.
Nils et berre suppe og alt som er flytande. Eg åt middagsmaten hans, så i dag har eg ete steikt sei-hugsar ikkje sist eg gjorde det.
Både Margrete og Solveig ringde mens eg var på sjukehuset, dei har sut for at eg skal komme meg både fram og tilbake, men det klarer eg fint.
Der går buss frå sjukehuset og ned til busstasjonen, men eg likar å ha den spaserturen. Eg veit aldri kor lang tid eg brukar, så eg berekna meg litt FOR god tid i dag. Kalkulerte med å sitte på ein kald benk og lese lydbok-eventuelt.
Men då eg har 50 meter att til busstoppen, køyrer der inn ein buss som står ØRSTA på, og ikkje berre det -VALLABØEN også. Snakk om flaks! Eg var sjølvsagt snart å hive meg på. Og kom omsider til Kiwi på Vallabøen, etter ein rundtur i sentrum og heile Mosmarka. Siste biten skulle eg gå, det er ikkje langt; men der kom det forsyne meg ei nabodame, som sa: "Hopp inn, eg køyrer deg heim, det er så ufyseleg vêr !". Ikkje lite flaks på ein dag.
Nils er slapp, han søv mykje, og orkar lite. Han var litt kvikkare då eg gjekk enn då eg kom. Men det han inga hensikt at andre enn eg besøker han. Eg skal varsku når han kjem til krefter og kan ta imot besøk. Det bad han meg om å skrive her på bloggen. Eg er liksom ikkje berre på besøk når eg er der, eg hjelper han med det eine og det andre, og så kan han sove innimellom, så det vert litt annleis.

Ingen kommentarer: