tirsdag, juli 06, 2010

Vermelding 6.juli 2010

Klokka er ca 14.00. Det er skiftande skydekke og opplett. Temperaturen er + 18 grader C.
No skal vi ete middag, i dag blir det Carlo spekesild frå boks, det er omtrent det beste eg veit! Dei har endelig greitt å få den på Coop her, etter at eg har spurt mange gonger, så no må eg agitere slik at dei ikkje sluttar å ta den inn.
Før middag har Nils slått plenane og eg har støvsuga.Slik går no dagane.

Verdens beste spekesild. Ein kan få tilsvarande kryddersild i blå boksar.

Klokka 18.00. No har Margrete nettopp køyrt av garde med Note-en. Håper ho får glede av den i mange år. Og så  får vi sjå om vi får den lille røde på torsdag-dei har i alle fall lova det.
No skin sola ute og det er ikkje så verst ver. Nils er ute og klipper plen igjen, men eg går stort sett rundt og drikk av ei flaske, på samme tid som eg held på å tyste i hel. Det er straffa for at eg inntok for mykje sild til middag.

3 kommentarer:

Olaug sa...

wwww.ho-olaug.blogspot.com

solveig sa...

Her må vi få vite pris og kor mange filetar det er i ein boks!

Besta sa...

Der er 6 store filetar, og det kostar 84,90. Ikkje billig, men veldig godt.Så godt at eg et for mykje. Kvar gong. Trur kryddersilda kostar om lag det same,den passar til pålegg etc. og er såleis drygare i bruk.

Dagbok :Julaftan 2024

                                         Kvit jul i vinduskarmen Julaftan kl 22.54. Eg kom nettopp heim frå Hareid, der eg har vore i kveld....