lørdag, juni 13, 2009

Barnebarn på besøk.




I dag har vi besøk av tre barnebarn frå Bjørnaset. Vi har steikt vafler, vore på Amfi og handla, og no er vi nettopp attkomne frå Det lille Napoli der vi sette til livs to store pizza.Det blei eit par små pakkar med Lego på Amfi, så no har minstemann noko å leike med.
Vi sender med dette ei helsing til den hardt arbeidande mora som er heime åleine.


3 kommentarer:

solveig sa...

Så kjem ho kanskje til botns i bunkane!

arieldog sa...

Mora arbeider hardt og konsentrert her, aleine i huset. Bra ungane har det kjekt - og så håpar eg besteforeldra har det litt kjekt òg...

Besta sa...

Klart vi har det kjekt. Heldig at veret vart så bra at vi kan gå ut for døra. Ingeborg ringde Eirik i kveld.No søv alle dei tre som er her.

Dagbok 2024: 26.april

Klokka er no 16.30, temperaturen ute er +8 grader og no skin sola mellom skyene. Det er berre ei lita stund sidan eg kom att frå turen på Ve...