søndag, februar 01, 2026

Dagbok 2026:1.februar

 


                                              Her er dei andre to plantane eg fekk i går.

Klokka er no 18.15 og temperaturen ute er minus 6 grader C, så det har ikkje blitt så mildt som eg drøymde om; eg har ikkje vore ute i dag , men det var fin sol lenge.

Eg brukte mykje av føremiddagen til å få vekk siste delen av julepynten, no står det berre att å skifte gardiner. Eg skulle no ha gått ut i fineveret, men så langt kom eg aldri. Så eg begynte å lage litt middag , då ringde det på døra og på trappa stod Eli, ho var ute og gjekk tur, men ville sjå innom meg. kor det gjekk med handa mi.

Det er ikkje godt å sjå kva som e gale med handa , og no er den ikkje så verst i forhold til det den var. Men det var kjekt å få besøk og vi hadde mykje å snakke om. Vi var mellom anna i lag i mange år i Pensjonistlaget; ho var leiar og eg skreiv. I seinare tid har vi vore i lag på spansk-kurs , der ho har vore lærar Det var veldig kjekt å få besøk når eg var heilt åleine i dag, for Marit var i Volda. Vi hadde sjølvsagt mykje å snakke om. Marit og eg snakkar ofte om kor lite folk går på besøk til kvarande utan å vere invitert. Slik var det ikkje før. Eg synest det eg kjekt når folk "stikk innom". Etter at Eli hadde gått, laga eg meg middag, i dag laga eg brun saus frå pakke og hadde i svenske kjøttbollar; med poterer og grønsaker til vart det ein bra middag,No har eg slappa av ei stund, mens eg vaska klede i kjellaren .

I morgon skal eg til frisør, eg skulle klippe meg til jul, men var for seint ute å bestille time, så det vart utsett-litt for lenge. Håper vi får mange fine dagar for no har eg sol inn vindua nokså lenge.