fredag, desember 12, 2025

Dagbok 2025: 12.desember

 

Blir det grøn jul i år?


Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.men då må ein moke.

I dag vakna eg med vonde hender, eg strikka visst litt for mykje i går. Men eg kom meg litt så eg fekk gjort det eg hadde tenkt. Heile huset stod på ende, så eg rydda og vaska og støvsuga til det såg litt betre ut her.

Så sette eg meg til med sudokuen i Møre Nytt, men eg er enno ikkje i mål. For eg var så heldig at Margrete ringde  og så kom ho og Svein på besøk. Dei hadde kjøpt med seg mat ,så det vart både Pizza og kaffi og sjokolade og brus, og mykje god prat.

I morgon trur eg at eg må til Vik ein tur- det er kanskje noko eg treng?Og det kan no vere kjekt å sjå litt på "livet". Når ein berre går her oppe i bakkane så ser vi ikkje så mykje av livet i byen.

 Ei grøn førjulstid i år. Sist tysdag var eg ute og rydda opp i hagen, der halve syrinbuska var tatt av vinden.Sjå heilt til høgre på bildet.



torsdag, desember 11, 2025

Dagbok 2025:11. desember


Klokka er no18.21, temperaturen ute er + 8 grader, og det regnar, Eg synest det er godt å sleppe snø og kulde, men det er no meir stemningsfullt enn slik vi har det no-men det er godt å sleppe å moke snø, når ein er her åleine og skal ut med bilen. I dag har Marit og eg vore på trening, og på butikken på heimvegen .

Eg var så begeistra for dei to brøda eg laga i går, at eg laga to i dag også-ikkje heilt topp kvalitet, men eg kan no ete dei sjølv. Det er lenge sidan eg fann ut at for meg passar det best å kjøpe godsakerne, for eg er ikkje alltid like heldig med det eg lagar sjølv. 

Eg var veldig trøtt då eg stod opp i dag,- og eg var trøtt då eg hadde fått brøda i omnen, sat inne i stova  og såg TV- men eg halvsov heile tida. Det må vere årstida og mangel på lys som gjer at ein blir så trøtt. Men eg gleder meg til i morgon for då skal eg berre vaske og rydde og pynte etc. Det er slikt arbeid som eg likar. Men eg får ikkje pynte ute så mykje eg vil, for det greier eg ikkje sjølv. Men det er så mange naboar som pyntar mykje og fint så det har vi andre glede av også. 

I år skal vi vere mest på  Hareid i jula, for Solveig har mest plass og familien veks enno.Og så har vi så lyst å vere i lag alle. Julaftan har eg vore på Hareid i mange år -også mens Nils levde. Og Øystein er så snill at han køyrer meg heim seint på kveld.

Det som er så kjekt i jula er at alle barnebarna kjem heim, dei bur no langt herifrå dei fleste-men nokre bur no i nærleiken også. Aller nærast bur Erlend som har kjellarleilegheit her hos meg. Det er ikkje så ofte eg ser han, men han er her no mykje av tida.

No må eg viss strikke litt igjen, og sjå litt TV. Eg hugsar i gamle dagar då vi ikkje hadde TV, då sat vi og høyrde  radio......................




onsdag, desember 10, 2025

Dagbok 2025:10.desember


 

Klokka er no 19.39, temperaturen ute er+8 grader C og det regnar;; ikkje det at eg likar regnet så godt, men alt er betre enn snø, is og kulde.

I dag har eg hatt " heime åleine dag" heilt frivillig, for eg vil gjerne  gjere litt av kvart til jul. I dag hadde eg bestemt meg for å lage nokre kaker/brød som eg fann ei oppskrift på. Eg skal innrømme at baking ikkje er mi sterke side, men eg prøver no å lage litt innimellom. Eg var flinkare før. Men eg måtte på butikken først for eg mangla nokre ingredienser. Det er så enkelt når eg har den vesle bilen, då er det ikkje lange stunda før eg er heime igjen.

Det gjekk rimeleg bra med baksten, og med strikketøyet som eg tyr til innimellom. Eg trur eg er litt flinkare å strikke enn å bake-men litt kluss blir det med alt.

Elles har eg vaska litt klede - det er no maskinene som tek seg av klesvasken-sjølvsagt. Eg tenkjer av og til tilbake på det skuleåret eg var i Sunnfjord og budde på ein gard der dei ikkje hadde fått elektrisitet enno. Der fyrte vi på grua i vedhuset og kokte kleda i ei stor gryte. Det gjekk det også.

I morgon er det trening igjen, så då får eg  ein tur til Vik. Det er no litt av kvart eg skulle hatt i hus, trur eg,men eg har ikkje oversikt enno. Det er  enno nokre dagar til jul. 

Eg er glad så lenge det ikkje kjem snø, ikkje det at eg ikkje likar snøen, men eg likar ikkje å moke. Og så ser eg veldig fram til at sola skal snu, for no er det mørkt det meste av dagen.

Eg kom til å slette heile bloggen i dag, men fann den heldigvis igjen. 

Då skal eg strikke vidare.

Dagbok 2025: 10.desember


tirsdag, desember 09, 2025

Dagbok 2025: 9.desember


Klokka er no 18.13, men ute er det mørkt som natta. Temperaturen er 0 grader, og det har vore ein ganske fin dag i dag, men eg har ikkje vore ute.

I dag var vi på trening Marit og eg, det er litt sosialt det også for det er samme gjengen som er der i lag heile tida. Etter treninga køyrde vi beine vegen heim i dag utan å handle. Eg trudde ikkje at eg hadde behov for å kjøpe noko, men det hadde eg eigentleg, fann eg ut då eg kom heim. Eg tenkte eg måtte lage noko til jul, så eg bladde i oppskrifter, men det vart ikkje baking i dag, for eg ville helle finne fram litt meir pynt og få den på plass.

Men først av alt pussa eg messing. Det gjorde eg førre veka også, men eg hadde ikkje fått med meg alt då. Det gamle mini-juletreet heng i hop enno så det fekk plassen sin i år også. Eg synest det er kjekt å pynte på den måten eg har gjort siste åra, eg tek fram litt kvar dag -så blir det meir og meir jul.

Men så sette eg meg til å strikke igjen. Her går det i lestar og Solveig held meg med garn. Så får ho lestane  til lageret sitt og kan distribuere vidare.

I morgon har eg tenkt meg på butikken og kjøpe det eg treng til litt bakst. Eg er ingen kakebakar så eg får heller prøve meg på brød av ymse slag; viss ein seier at ein ikkje bakar til jul, kan ein lett få eit dårleg rykte. Men eg må innrømme at eg aldri har baka lefser, i fjor kjøpte eg nokre, men dei var ikkje så gode. Eg greier meg veldig godt om eg ikkje får lefser til jul. Eg har aldri laga lefser, og ein begynner ikkje med det etter 85-

mandag, desember 08, 2025

Dagbok 2025: 8.desember

                       Klokka halv seks tok eg bildet frå altanen.
                      No er klokka kvart på 6og eg skal skrive blogg

EG har ikkje mykje å skryte av i dag, men eg kan no fortelje om ein heilt vanleg litt kjedelig dag. Eg tenkjer heile tida på at det snart er jul, og då skal ein gjere mykje ; bake vaske, pynte osb. Og eg forstår ikkje heilt at er er 85 år og det er ikkje venta at eg skal vere så flink-Eg har aldri vore særleg flink å bake, men no er eg no heilt håplaus til det. Likevel må eg kvart år lage ei kake som eg aldri får til -slik den skal vere. Den laga eg i dag før middag og no er den i frysaren. Ikkje så fin akkurat men etande i alle fall. 

Mykje styr og oppvask også med baking, så det trur eg at eg sluttar med snart Men eg er no flink til å rydde opp att og vaske opp-i maskin.  Så no er det gjort. Etter at eg hadde ete litt sette eg meg i godstolen og strikka, men så sovna eg. Eg hadde slått av varmepumpa så der var ikkje så varmt, sjølv om det brann i omnen. Men den var slokna, og i dag hadde det losna igjen, pakninga som ligg rundt opninga. Eg har dytta den på plass mange gonger, men den kjem fram att-utan at eg kan seie kvifor. Men den let seg dytte i dag også. 

No skal eg strikkeferdig lesten, så det blir eit par. Det er ikkje så mykje eg kan, men eg kan strikke lestar. Solveig held meg med garn, og tek vare på det er strikkar, så dei i familien som frys på føtene kan kontakte henne.

Eg skulle få meg time med frisøren , men alt før jul var opptatt, så no må eg feire jul med dårleg sveis. I morgon er det trening, så då har eg i alle fall noko å gå til, og kanskje tek eg ein butikkrunde også, det er no kjekt å sjå på all stasen om ein ikkje skal kjøpe så mykje.

Eg sette no på TV-en , men der var det berre sørgelege nyheiter.  Så tross alt har eg og mine det bra.

søndag, desember 07, 2025

DAGBOK 2025: 2.søndar i advent

Klokka er no 19.00, temperaturen ute er så vidt under 0, og det har vore ein fin dag.  Eg har ikkje vore ute men det er no mi eiga skuld..

Eg tenkte eg skulle sjå over julepynten i dag og kanskje shine opp litt. Det vart veldig lite, for det var andre ting som frista meir, og der er så mykje julepynt at det er vanskeleg å vite kva som er brukbart. Eg trur eg skal vente litt med å pynte meir. Men i dag var eg så heldig at Marit kunne komme ned til meg, så vi drakk  kaffi og åt kaker og prata- Vi blir aldri i beit for noko å snakke om; vi har til dømes gått to år i samme klasse på Eids gymnas. Så litt mimring blir det. Kor mange år vi har budd her på kvar si side av gata er eg ikkje sikker på, men det må no nærme seg 50(eller vel det) Trur eg.Gode nabp

Då Marit gjekk heim att til seg sjølv tok eg fram strikketøyet og begynte på ein ny lest av garnet som Solveig hadde med i går. Når eg strikkar ser eg som regel TV på samme tid.

Gode naboar er godt å ha, og det har eg.

Eg har utruleg mykje julepynt, og ikkje alt er noko å samle på, men det er ikkje så lett å kaste heller.

I dag også var eg låk i høgre armen då eg stod opp, men det gjekk fort over. I margon er det ikkje noko eg skal ut på, så då kan eg styre litt heime eller ta ein tur til Vik.
 



Dagbok 2025: 12.desember

  Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...