lørdag, mars 20, 2010

Bok nr.16: Små kriger


Litt historikk: Etter 2.verdskrigen annekterte Storbritannia Kypros som kronkoloni.Frigjeringsrørsla EOKA utførte  aksjonar mot britane i mange år, og det enda med at Kypros vart fritt i 1960.
Bakgrunnen for forteljinga i denne boka er kampane mellom frigjeringsgruppene og britane på 1950-talet.

Hovudpersonane i boka er Hal og Clara. Han gjer teneste i dei britiske styrkane på øya, og etter kvar kjem Clara også til Kypros, med dei små tvillingdøtrene deira, for å bu der, slik som andre britiske soldatfamiliar.
At krig er grufullt veit vi frå før, men det kan også dei små krigane vere. Ordet gerilja betyr eigentleg "liten krig", men om det som skjer mellom britar og kypriotar er gerilja, terror eller sabotasjehandlingar, er ikkje godt å seie. Det minner mykje om det vi ser mange stader i verda i vår tid.
Forfattaren av denne boka har eit godt utgangspunkt i denne historia, der ho mellom anna vil syne kva krigen gjer med menneska utfrå ein psykologisk ståstad. Korleis den utrygge og brutale kvardagen påverkar både soldatar og familie. Det kunne blitt skikkelig bra.
Men det er noko som ikkje stemmer. Boka er på 9 CD-ar, og først ut i plate nr. 6 begynner forteljinga å fenge meg. Det er liksom litt for seint. Der er gode sekvensar innimellom, men så kokar det liksom bort i kålen.Boka er langdryg og kjedelig i periodar og det verste av alt :sentimeltal.
På mange måtar minner boka litt om Øya, der hendingane var interessante nok, men framstillinga for dårlig.
Må enno ein gong påpeike at dette er mi heilt personlige meining, så det kan vere at andre vil like boka betre.For meg er ho det som eg plar kalle "nummeret før ukeblad".

4 kommentarer:

solveig sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
solveig sa...

Geriljakrig er pleonasme altså!?
Eg har ikkje lese noko av Sadie Jones - enno.

Besta sa...

Trur dette berre er andre boka hennar, men er ikkje sikker. Eg har lese ei bok av henne før,den heiter Utskudd og ligg på bloggen min. Ja, geriljakrig er smør på flesk, men blir brukt av dei fleste.(guerrilla= krig på spansk)

Besta sa...

Unnskyld, her skreiv eg noko som er feil. Krig heiter guerra på spansk-guerrilla er sjølvsagt diminutivforma(liten krig).

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...