onsdag, august 05, 2009

Nyttig link/lenke

Rundskue
Denne lenka fann eg på eit av blogginnlegga til Margrete. Eg reagerte ikkje før i går, men då kom eg inn på denne nyttige nettstaden. No kan eg sitte her ved PC-en og skode ned frå all verdens fjelltoppar. Prøv til dømes Ørsta sett frå Nivane. Der fann vi både huset, båten og bilen vår når vi zooma nær nok.Og så kan vi som ikkje er i stand til å klatre til fjells få eit lite innblikk i kva som finst oppe i høgda. God tur.

4 kommentarer:

solveig sa...

Eg var innom den dagen Margrete la den ut, men skal ta meg betre tid ein annan dag! Skikkeleg flott tiltak!

arieldog sa...

Eg veit ikkje kven mannen er, men er imponert over tiltaket. Tenk å få ein slik idé! Fantastisk!

Besta sa...

Det einaste eg veit er at han er sonen til skreddar Strand som ein gong sydde ei kåpe til meg.Han heldt til i Vikegata.Har du vore innpå og sett Ørsta frå Nivane 19.mars?

arieldog sa...

Ja, det har eg. Likar slike "prosjekt" - det var som om eg skulle ha fått idéen sjølv, om enn i noko mindre målestokk.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...