fredag, august 07, 2009

Bok nr.50:Kuren.

Lydbøker er ikkje som andre bøker, og må vurderast på ein litt annan måte.
Først til opplesaren; han er ikkje dårleg, men han les for fort og på ein stakkato måte som irriterer meg. Som om det var altfor mange punktum i teksten.
Namna er eit kapittel for seg. Sidan boka er engelsk, skulle ikkje det vere noko problem.Men her er både polakkar og armeniar,pluss at fok somme gonger vert omtala med etternamn, andre gonger med førenamn, så eg gikk litt i surr, ja. Det vart ein del tilbakespolingar.
Språket er heilt alminnelig, så det byr verken på problem eller store gleder.Men så mykje banning som i denne boka har eg aldri vore ute for før. Visst forstår eg at ikkje kriminelle og politimenn/kvinner snakkar som søndagsskulelærarar, men der går ei grense!
Elles innheld boka mykje pedofili og andre grufulle ting, pluss at her er allslags griseri i form av ulike kroppsvæsker, blant anna. Når boka altså er skriven av ei kvinne, kan ein begynne å lure.
Til tross for alt det negative eg har nemnt her, kan boka til tider vere spennande, ein skikkelig pageturner. Så eg vil verken tilrå eller fråråde folk å lese den. EG kunne greidd meg utan.
Har prøvd å google boka, men ikkje funne nokon omtale på nettet.

5 kommentarer:

solveig sa...

Etter det som står på coveret å dømme, burde dette vere ei bok for meg!

Besta sa...

Ja, den er i alle fall ganske så grusom på meir enn ein måte. Ikkje heilt ferdig med den enno.

solveig sa...

Kanskje eg kan få låne den søndag? Her er berre kjedelege lydbøker å få for tida!

Besta sa...

Har du lese Huset ved moskeen? Ser den ikkje på lista di. Den kan du også få låne, den er meir lesverdig enn krimmen,

solveig sa...

Eg reknar med at eg kjem heim nokre timar før karane, så eg kan rekke å rippe begge!

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...