Bildet er tatt ca kl.13.00
Klokka er no snart 18.00. Sola strålar frå ein nesten skyfri himmel, men slik har det ikkje vore før i dag. Tidlegare har vi hatt voldsomme regnbyger og ditto hagl.Då vi var nede i vik såg vi at det var snø langt ned i Saudehornet, som vi ikkje ser frå der vi bur.På bildet er det delvis gøymt bak skyene.
Vi var altså ein tur nedover og handla. Hadde tenkt å få tak i fårekjøt. Vi fann litt av sorten på ein av butikkane, men det var av typen mykje bein og lite kjøt, og dertil til ein ublu pris. Så dessverre middagsgjester, det blir ikkje fårikål denne mandagen heller.
Forferdelig mykje folk på Amfi i dag også, var så vidt innom ein liten tur, men handla andre stader. Hadde eit ærend inn på Målar-Olav, og der stod ein rull med golvteppe som vi hadde bestilt frå ein katalog. Der låg ein lapp med namnet vårt, og ei melding om at dei hadde ringt oss to gonger utan å få svar. Litt rart, for telefonen vår blinkar raudt når nokon har ringt mens vi er borte.
I dag åt vi graut til middag, og no etter middagskvila har Nils tatt ein tur på terminalen for å fiske frå land, mens eg har styrt med diverse i huset.No må eg ha meg ein liten tur rundt huset før sola går ned.
Dette bildet er tatt ca klokka 18.00.Viss de ser godt etter, ser de ein flekk i fjellsida, der driv dei og tek ut tømmer.Når vi er nede i Vik, ser vi kor STOR denne flekken er.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 23.april
Eg har ein plass på maskina der eg kan finne "gamle" bilde. Dette er ei av rosene mine, Leonardo da Vinci, trur eg. Eg har lese ...
-
Klokka er 17.15, temperaturen i skyggen er + 9 grader, men her i stova må det vere nærmare 30 grader når sola skin inn glasa. I dag var...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka slo akkurat fem (17.00), ute er det regn og grått og + 9 grader C. I dag har eg vore i full aktivitet heile dagen, noko som er helle...
2 kommentarer:
Vi har plukka resten av bæra i dag og hatt i saftkokaren. Eg får sjå "Skal vi danse" i hurtigversjon etterpå!
Eg ser på "vermeldinga" di mest kvar dag. Kjekt å sjå bilete frå Ørsta. Her er endå litt sommar, kaldt morgon og kveld, men gjerne 18 gr midt på dagen. I morgon skal vi i kyrkja. Då er der presentasjon av konfirmantane. Johanne er konfirmant til våren.
Legg inn en kommentar